
Møte med Tambaga
Nå skulle me til landsbygda, til Tambaga, og her skulle me få kjenne litt meir på korleis det er å leva i ei lita bygd i Mali.
Da me kom fram til Tambaga var det blitt mørkt, så me fekk ikkje sett stort av landsbyen. Me blei sloppe av med gjestehuset av Alf og Hilde, dei viste oss rundt i det vesle huset som besto av tre rom, to soverom og eit kjøkken/stove. Me fann fort ut at det var mykje dyr rundt oss, me kunne høyra esla «hyle» og hundane «kjefta».
Om morgonen høyrde vi også alle hønene, perlehønsa, geitene, sauene og kyrne. Synet som møtte oss denne første morgonen var ei lita bygd som besto av afrikahytter, små, runde leirhus med stråtak, som sto tett i tett i tett. Butikken var litt lengre unna og hadde ikkje fullt så bra utvalg, ingen kjølevarer der nei. Varm brus og lite frukt.
Endelig fekk eg følelsen av faktisk å vera i Afrika. Dette var noko heilt anna enn Bamako, folk helste i hytt og pine, ropte helsingar over gjæra, gjennom husveggar, når du gjekk forbi dei på gata. Alltid måtte ein stoppe og helse, og barna her lærar fort å sei ordet «tubabo» som betyr europear eller kviting. Og det høyrer me med ein gong me går ut av porten.
Her i Tambaga fekk me for fyrste gong stampa mais, bært ungar på ryggen, spist med hendene, kun høyre handa. Det einaste som mangla nå var å ha følelsen av å vera på rett plass, kunne gå ut og bli kjend med med folk og veta at her skal me vera i nokon månadar.
Men dette var ikkje vår landsby, me skal snart vidare til Bafoulabe.
Varme helsingar frå oss i Mali, v/Lonhe.






















